mandag, mai 18, 2015

Dagbok 2015: 18.mai

Klokka er 18.00. temperaturen er 14,5 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Det har vore ein skikkelig bonusdag når det gjeld vêr. Rett nok var det overskya ei god stund midt på dagen, men det gikk bra.
Vi var relativt tidleg oppe i dag og fekk gjort ganske mykje på føremiddagen. Nils har styrt både med egning av liner og klipping av plen. På bildet slår han av ein prat med naboen i huset nedanfor oss. Fruen i huset fekk måla trapperekkverket i dag.
Eg brukte ein del av føremiddagen til å bytte på sengane, lufte sengetøy og vaske golv.Det vart sjølvsagt eit par maskiner med tøy å henge ut også.
Så gjekk eg ut og reinska ugras i beddet ved garasjen, fylte på med ny mold, planta eit par plantar og vatna godt.Det kom seg betydelig.

Blomkarsen nedanfor garasjen sår seg sjølv frå år til år, men eg plar kjøpe ein liten pakke med frø likevel, kanskje ein "ny" farge?  I fjor laga Nils ein karm rundt dette beddet, og i år fylte vi på med to sekker mold, før eg sådde og vatna. Det er om å gjere å halde der vått elles grev kattane opp heile herlegheita.Tulipanane i dette beddet er på retur.
Etter såpass mykje hus og hagearbeid, var ryggen min av, og eg "måtte" legge meg på solsenga med lydbok.

Det var tungt for Nils å klippe plen i dag, men så kom han etter kvart på at klipparen eigentleg skal drage seg sjølv, og det gjorde den ikkje. "Draget" virka ikkje, og han fekk ikkje til å reparere det.
Han var ikkje den einaste som hadde problem i dag. Margarita skulle køyre nedover med BMW-en, men kom fort att. Det hadde kome ein smell i eine hjulet....ja, eg kan ikkje forklare kva som er gale, men bilen er på verkstad, og vi har berre to bilar på tunet.

Dette beddet får eg ikkje rydda før tulipanane er avblomstra, alt er seint i år, så det blir ikkje så tidleg det blir orden her.

Desse tulipanane planta eg sist haust, så dei er nye av året. Dette beddet er heller ikkje rydda enno.Elles har eg visst ikkje nemnt at eg har streta meg til å kjøpe ei kanne Roudup i år, så eg skal få gjort litt anna enn å luke ugras-særleg skvallerkål.
No har vi nyss ete middag, det vart fiskekaker frå frysaren i dag. Godt å ha noko lettvint å trive til.
No skal eg ha meg ei lita stund til på solsenga før eg går i hus for godt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...