torsdag, mai 14, 2015

Dagbok 2015: 14.mai

Klokka har passert 19.00, temperaturen er ca +10 grader C, det er framleis skya, men sola er framme av og til. Typisk vêr her: regn om morgonen, sol om kvelden.
I dag hadde eg ein liten jobb å gjere, eg skulle distribuere nokre skriv frå pensjonistlaget til dei som ikkje var på møtet sist tysdag. Eg laga eit lite følgjeskriv med forklaring og sende med. Nils tok først ein tur i nærområdet. Resten tok vi pr. bil. Sidan eit par av breva skulle fram i Bjørdalen vart det ein liten tur dit også. Og då måtte vi sjølvsagt ta ein tur langs vatnet fram dit som raset hadde gått. Vi har ikkje vore der sidan vegen vart reparert, sist vi gjekk der kraup vi på alle fire gjennom stokk og stein.Vi visste at vegen var reparert, så vi ville gå inn og sjå, og så snu tilbake. Men raset var lenger inne enn eg hugsa, så vi gjekk like godt rundt heile Dalsvatnet.

Ned mot vatnet.

Fjellsida.



Det hadde gått ras på andre sida av vatnet også, og der hadde dei laga veldig fint til, dessutan utvida vegen og lage gode grøfter. Dei hadde laga fin mur og "klappa til" med mold, så spørs det kor lenge det får ligge slik.



Det er lenge sidan eg har gått særleg lange turar, så no spørs det kor eg føler meg i morgon. Hadde i alle fall ein fryktelig lårkrampe då eg stod opp frå sofaen etter middagskvila. Det er merkeleg med vegen rundt Dalsvatnet, før var den heilt flat og lett, no observerer eg diverse motbakkar.
Til middag i dag vart det kjøtkaker. Finn så ymist når vi rotar og ryddar i frysarane, og så lovar vi kvarandre at heretter skal alt merkast- med dato.
I dag kan vi gratulere Ruth med dagen.
(Hadde ikkje kamera med meg i dag, så bilda er tatt med Nils sin mobil.)

2 kommentarer:

ØystO sa...

Håper du toler turen! kjekt med naturopplevelsar!

Besta sa...

Det håper eg også, det vil vise seg i morgon.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...