Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C. Det har vore ein fin, solrik dag, men ikkje heilt klårt.
Etter at eg kom heim i går var eg litt susete i øyra, meir enn vanleg altså; og då eg stod opp i dag, var eg nesten døv. No har eg fått att ein del hørsel på eine øyret, det som i utgangspunktet er dårlegast. På venstre øyret er eg framleis nesten døv. Så no driv eg og drypper begge to, og så får eg prøve å få spylt dei etter helga. Eg har opplevd dette før, og då gjekk det bra. Eg skriv dette, for at de skal vite at det ikkje er vits i å ringe til meg. Lydboka brukar eg å ha på venstresida, no er den flytta til høgre.
Elles måtte Nils ta ein tur på butikken åleine i dag, det var berre eit par ting vi trong. Eg støvsuga (med lydlaus støvsugar) og vaska golv, så no er eg sånn ca i rute. I morgon ventar eg besøk av Margrete og ungane. Då skal eg koke ballj (klubb)-det gjer eg aldri til berre oss to.
Eg la meg ut på solsenga med lydbok ei lita stund, men sola var ikkje så sterk at det gjorde noko, så eg vart ikkje så lenge ute.
No har vi ete middag, i dag vart det fiskekaker frå frysaren. Og no har Nils kokt kaffi. I kveld gler eg meg til MGP-programmet. Eg kan hugse dei første vinnarane for 60 år sidan. Mykje har endra seg frå den gongen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar