lørdag, februar 28, 2015

Dagbok 2015: 28.februar


Klokka er 18.00. Temperaturen er + 8 grader C, og det regnar og blæs. Eg er ikkje heilt fornøgd med denne vinteren- ikkje mykje verken av snø eller sol. Har ikkje hatt sparken min ute ein einaste gong. Ja, vi har i grunnen hatt veldig mykje snø, men den har smelta etter kvart. Men vêret kan vi ikkkje gjere mykje med-anna enn å klage over det.
I dag var vi ein tur på Amfi før middag, handla på rabattlappane våre, men ikkje så mykje anna. Men vi trefte no litt folk vi kjenner, Harald mellom andre.
Då vi kom heim steikte eg ein stor porsjon med småsei, som Nils hadde laga klar, og jammen gjekk alt ned på høgkant. Eit par dagar utan skikkelig middag skjerpar appetitten.
Eg la meg på sofaen etter måltidet og somna med lydboka mi. At eg ligg såpass mykje på sofaen kjem av at eg ikkje er heilt god i hofta, og det hjelper å ligge langflat ei stund. Nils ser mykje sport på TV, noko som eg ikkje bryr meg om. No gjekk han ein mosjonstur opp i fjellsida, det må eg avstå frå.
Eg les no mi 4.krimbok på rad, og eg er glad eg sparte "Lotus Blues" til slutt, for den er litt kjekkare å lese enn dei andre. "Jeg-personen" er ein skikkelig drittsekk, med sarkastisk humor, noko som eg er veldig svak for.Opplesaren er flink, og boka er godt skriven. Her kjem eit lite sitat som kan vere "Ord for helga".
"Det er mange ting kvinner bør slutte med. Å kjøre mindre biler enn menn er en av dem. Drit i miljøet-det handler om penger og makt !"
Det minner meg på at viss eg ikkje får fornya sertifikatet mitt før eg fyller 75, er det tapt for alltid.Så no må eg bestemme meg.
I morgon skal Edvard Hoem vere i Aasentunet og snakke om boka si "Slåttekar i himmelen", som eg sjølvsagt har lese for lengst.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Du burde hatt ein eigen blogg for anmelding bøker m.v. Kanskje du kunne tene pengar på det? Var innom "krimbloggeren" som hadde kommentert ei bok du las i 2011. Eg pleier å sjekke på bloggen din når eg låner ei ny bok, og til denne tid har du lese dei aller fleste før meg, i alle fall krim-lyd-bøkene. Men eg les no berre ein brøkdel av det du konsumerar...
Eidabesta

Besta sa...

Hadde eg vore i betre fysisk form hadde eg nok lese mindre. Elles har eg ei slags avtale med biblioteket om at eg får melding når dei får inn nye bøker. Eg rippar dei inn på datamaskina og leverer dei neste dag. Derfor. Det er mange som skriv bokbloggar og eg har vore innom minst tre FB-sider som omtalar bøker. Eg skriv litt på min eigen blogg, men det er berre sånn heilt privat.

solveig sa...

Kva må du gjere for å fornye sertifikatet?

Besta sa...

Eg må gå gjennom ein dobbel legetime med testing av syn og psyke. Diverse spørsmål der dei skal avdekke om eg er dement etc.

solveig sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...