mandag, november 03, 2014

Bok nr.70 - 2014: Jenta som sluttet å snakke.

Bakgrunnsstoffet i boka er overgrep i religiøse miljø og i nære relasjonar; det er godt skildra og på ein måte interessant. Det gjorde at eg vart ivrig og las boka relativt fort.
Den "kriminelle" delen var slett ikkje bra. Boka minner på mange måtar om Camilla Läckberg sine bøker, og dei er etter mi meining under pari. Ser at boka har fått både terningkast 5 og 3. Eg er vel nærmast 3.
Men det er no greitt at Sunnmøre har fått sin eigen krimserie?

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har i alle fall lyst til å lese boka!

Besta sa...

Det må du berre gjere! Det var i grunnen mot slutten den tapte seg.

Dagbok 2026.: 15.august

Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det oppl...