fredag, september 12, 2014
Dagbok 2014: 12.september
Klokka er 19.15, temperaturen ute er +17 grader, og det har vore nok ein strålande dag. Så mykje finevêr som i 2014, har eg aldri opplevd før. Synest berre eg får gjort meg for lite nytte av det. Misunner dei som er spreke og kan fare både i fjell og fjøre,det kan ikkje eg, men det er ikkje så mykje å gjere med det.
Sola skin enno, men ute på altanen var det ikkje meir sol no, så eg gjekk inn att. Har blant anna rippa nokre bøker som eg henta på biblio i dag.
Då eg stod opp i 8-tida i dag, var Nils vekk. Ja, eg visste at han skulle på sjøen, og så fann eg ein lapp med "Avreise klokka 7". Ikkje før var eg ferdig med morgonstell og frokost, så var han heime att. Han hadde fått så mykje sei som han ville ha. Solveig kjem innover i morgon og hentar, ho skal vel ha mykje god mat klart når Håkon kjem heim på haustferie. Han er så glad i blandaball, ein rett som verken Nils eller eg hadde smakt før vi var over 70 år, men som vi også likar. Det blir likevel ikkje laga så ofte.
Vi måtte ein tur nedover i dag, eg skulle hente ei bok på biblioteket som eg hadde bestilt, og så fann eg to til. Solveig har med seg minnepennar i morgon, og fraktar bøkene heim på den måten.
Elles kjøpte eg dei fire siste pakkane med sagogryn på Bunnpris, dei skal Solveig få.
Bunnpris i Ørsta er ein veldig fin og ryddig butikk, der det er lett å finne fram, så det blir til at vi handlar der av og til.
Vi åt litt lunsj og så la eg meg ut på altanen og las bok, mens Nils slappa av inne, før han starta med å filetere fisk. Det arbeidet likar han! Elles har vi kokt erterstuing av 5 pakkar grøne erter, og så frys vi den i små porsjonar. Nis vil ha erterstuing til nesten all slags mat. Vi var innom Clas i dag og kjøpte nokre beger til å fryse i, og som kan settast rett i mikrobølgeomnen. Før brukte vi å fryse i syltetøyboksar av plast, men så fekk vi lære at slike skal ikkje varmast i mikro.
Middagen i dag blei taco; sjølv om vi er glade i fisk, må vi av og til ha mat med skikkelig SMAK på.
No håper eg det blir fint i morgon også, for eg har diverse arbeid som eg skulle ha gjort i hagen, men eg er avhengig av at Nils er med på det.
Så vil eg ønske alle ei god helg, før eg benkar meg i sofaen framfor TV.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar