søndag, mai 25, 2014

Dagbok 2014: 25.mai

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er om lag +15 grader C, det er sol, men litt skodde i lufta. Litt vind er det også. Då vi stod opp i dag var det skodde heilt ned, det er typisk her i Ørsta, morgonskodde som ligg nesten til kveld.
I dag hadde vi tenkt å gå berre ein bitte liten tur, sidan helsa ikkje er heilt på topp. Vi ville gå fram og tilbake langs Hovdevatnet, der som det er flatt. Men då vi kom dit vegen begynte å gå oppover hadde ingen av oss lyst å snu, så vi heldt fram opp til vegvisaren og skreiv oss i boka. I staden for å gå same vegen tilbake gjekk vi over heile Indre-Hovdeåsen dit som vegen går til Aasentunet-eller ned til vatnet. (Vi måtte sjølvsagt tilbake til bilen vår)
På Høgetua fekk vi skrive oss inn i enda ei bok. Eg må berre gi ros til dei som merker og steller desse turvegane. Alle stader der det er vått og gjørmete har dei lagt steinar eller fjøler, slik at ein går tørrskodde. Og kvilebekar har dei sett ut relativt tett. For meg er det utfordrande å gå på desse stigane, sidan der er så mange røter, men det gjekk forbausande bra, så no må eg ha gått inn dei nye brillene. Når ein har relativt sterke progressive briller, kan det vere vanskelig å gå i terreng.
Merkelig nok fekk eg verken hostebyger eller andre plager, så vil tida vise om hofta tålte turen. Hadde vi visst at vi skulle gå så langt hadde vi hatt stavane med oss, det hadde vi forrige sundag. Vi trefte mange folk som vi ikkje kjende, men prata med likevel. Eg måtte tenke på det Monna Tandberg fortalde om Lars Andreas Larssen. Då han fekk Altzheimer snakka han med alle folk anten han kjende dei eller ikkje. Det gjer Nils no, enda han er klår i toppen. Og så har han ei mykje betre evne enn eg til å kjenne att folk og plassere dei der dei høyrer til.
Då vi kom heim laga vi oss middag i ein fart, i dag vart det fiskekaker frå frysaren, med poteter og salat. Så fann eg frosne bær i frysaren, så det vart dessert i dag også.
Etter maten tok eg ein dose hostemedisin og la meg på sofaen for å kvile. Og DÅ kom hosten. Trur eg hosta i ein time, men det må vel til for å bli frisk. Forresten er eg ikkje sjuk lenger-det er berre den hosten.
Bildet er frå Kongsberg, der det er full sommar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Bra du kjem deg! Eg trur eg har fått att energien. Har tatt det med ro i dag i håp om at i morgon skal eg vere attende i normal form!

Besta sa...

Ja, det beste med forkjøling er at den går over.

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...