søndag, mai 11, 2014

Dagbok 2014: 11.mai.





Klokka er no 21.00. Temperaturen ute er+ 11 grader C, det er lettskya og sol på andre sida av fjorden, men det er ikkje lenge sidan det regna. Då vi stod opp i dag tidlig, låg skodda tjukk og sid, men det varde ikkje lenge før det letta opp.
Vi følte at vi hadde fått nok mosjon i går, så i dag tok vi ein biltur. Det var altfor kaldt til å sitte i ro ute. Det blei til at vi køyrde Søre-stranda , gamlevegen, og rundt Berkneset. På tilbaketuren køyrde vi over Morkaåsen og ned til Hovdevatnet. Det var utrulig fint i dag, fjorden låg stille og blank som eit speil og særlig på stranda ved Voldsfjorden var skogen fin og grøn.Dei tre bilda over er frå Ørstafjorden.
Her er på på den gamle ferjekaia på Berkneset, vi ser ut mot Yksnøya. Lenge sidan det har gått ferjer her, men før i tida var vi her somme tider for å bade og fiske.Kan hugse vi bada i denne vika.
Tok mange bilde, men kan ikkje legge alle ut på bloggen. Då vi kom heim åt vi litt lunsj og slappa av. Eg laga ei vaffelrøre og steikte nokre vafflar som Nils skulle ha til "ungane" når dei kom. Amanda og Erlend skulle vere her mens Margrete og eg var på teater. Teaterframsyninga begynte klokka 18 og varte i nesten 1 1/2 time utan pause. Der var ikkje mykje folk, og med berre tre skodespelarar vart det veldig intimt. Det var eit godt og gripande stykke, og etterpå fekk vi samtale med skodespelarane i Flatsalen på Kulturhuset.Det blei servert lekker fingermat frå Asko, og Mozell å drikke. Så var det berre å fare heim, der Nils hadde koka kaffi og steikt opp resten av vaffelrøra. Det er første gong i sitt liv han har steikt vafflar -han fekk eit lynkurs før eg for- og det gikk bra.
Utsikt frå Alida mot Dalsfjorden.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Nydelege bilete! takk for teaterbilletten - det var ei fin oppleving.

Besta sa...

Kjekt at du ville vere med. Opplevinga vart litt annleis enn vanlig sidan det vart nachspiel med skodespelarane. Ein skal ta imot alt av gode opplevingar som ein får.

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte bilde! Fint med spegling.

STRIKKEMOR(O) sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Bilda er litt uklåre. Det kjem delvis av at det enno var skodde i lufta.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...