tirsdag, april 08, 2014

Dagbok 2014: 8.april

I dag fyller svigerinna mi, Mimi, 70 år. Vi var invitert til bursdagsfeiring, men kunne dessverre ikkje fare, noko vi beklager sterkt. Håper det blir ei fin feiring utan oss. Eg har ikkje mange bilde av Mimi, men fann eit gammalt dias-bilde der ho er saman med eldste dottera, Hilde, og vår felles svigermor Johanna.Ser ut til at dei er om bord i ein båt. Eg kan prøve å rekne ut årstalet, men det einaste eg har å gå ut frå er at Hilde er knapt to år yngre enn Margrete.
Eg har kjent Mimi sidan ho var ca 14 år-og eg var 18. Men på grunn av avstanden er det ikkje ofte vi treffast no.
Vi gratulerer Mimi så mykje med dagen, og håper på eit treff seinare på våren/sommaren.

No er klokka 17.00, temperaturen er + 10 grader. Det har regna godt før i dag, men akkurat no er det opplett. Denne gongen var vi glade for regnet, sidan Nils hadde hatt ut så mykje hønsegjødsel. Det er om å gjere at den løyser seg opp og fer ned i jorda.
Vi står relativt tidlig opp om morgonane no i den lyse tida, så vi tek ein pause midt på dagen. Eg gjorde diverse husarbeid før på dag, men no skal eg lage middag. Vi åt litt då Nils kom att frå Volda, men no må vi ha litt meir mat.
I morgon er det pensjonistmøte, så då blir det full jobbing heile dagen, nesten. Vi startar klokka 12.00 med å dekke bord etc. Marsmøtet var det Rotary og Inner Wheel som stod for, så det er to mnd. sidan vi var i  elden no. Eit strek i rekninga var at Møre-Nytt ikkje hadde teke inn "forhåndsomtalen" min i dag, men vi får håpe der kjem folk likevel.
I går kveld gjekk eg ein tur rundt Storebakken utan at eg fekk vondt, så kanskje det ikkje er så gale med hofta som eg var redd for. 

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...