Klokka er 18.30, temperaturen er +10 grader C og vi har hatt ein nydelig dag til tross for at det ikkje har vore heilt klårt.
Nils stod opp klokka 7 og for på sjøen i lag med Mathias, dei var begge fornøgde, både med den nye motoren og fiskefangsten. Dei fekk passelig mykje sei, ikkje så mykje at det vart problemer med filetering etc. Nils var heime att i 11-12-tida, då hadde eg brukt mykje av åleinetida til å lese ferdig boka eg heldt på med. Går med MP 3-spelaren i lomma mens eg "puslar" i huset, ryddar, vatnar blomster etc. Hadde ingen spesiell arbeidsplan for dagen.
Vi tok ein liten tur til Vik, hadde eit ærend på Gåvebuda. Og der var det mykje fint. Det er synd at frammande som kjem til bygda berre besøker Amfi, for det er i gågata dei spesielle butikkane ligg. Fantastisk utval av påskeløparar etc. frå Ekelund på Gåvebuda no. Berre så synd at ein ikkje "treng" noko slikt. Men det er no kjekt å gå og sjå på alt det fine. Såg også ein Mummi-løper !
Då vi kom heim åt vi restar frå i går til middag, og så la eg meg ut på altanen med papirbok. Den vart etter kvart så tung å halde, så det blei ein liten middagslur! Begynte på "Fugletribunalet" i dag, ei bok som har fått god omtale.
Eg gler meg til at vi no skal få att sommartida, føler at dagane blir lengre då, og finevêret skal vi visst få behalde.Så no håper eg at eg framleis vaknar tidlig om morgonane.
No er vi spent på korleis det går med Eirik og bandet "Lommerosk" i UKM, det er tredje året på rad dei er med på fylkesmønstringa.
Gløymde visst å ønske alle ei god helg då eg skreiv i går. Men så kan eg i alle fall gjere det i dag: God helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:13.September
Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +9 grader C , det er skya og grått +regn. Ikkje farleg å bli sittande inne ein heil dag då. For e...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Når du seier Mummi-løper kjem eg på at det snart berre er to år til ho som samlar på krus, flyttar heimanfrå.
God helg!
Det var no henne eg tenkte på.....
Legg inn en kommentar