lørdag, mars 15, 2014

Dagbok 2014: 15.mars


Klokka er no 15.00, temperaturen ute er ikkje  mykje over +3 grader C, og no fekk vi eit snev av den vinteren vi venta på. Då vi stod opp i dag, snødde det som på bildet over, men no er det som det nedste bildet viser.  I Vik var det sterk og kald vind, det merkar vi ikkje mykje til her oppe.
Vi somla litt i dag føremiddag, las aviser, strikka(eg), såg TV (Nils) osb, før vi tok ein tur til Vik. Eg skulle levere nokre bøker på biblioteket, og til mi store glede fann eg ei ny krimbok av Øystein Wiik. Det er sikkert ikkje stor litteratur, men eg synest han har eit variert og litt ukonvensjonelt språk. Bøkene hans er "just for fun".
Neste stopp var Amfi, men der var ikkje så spennande, så vi tok ein tur på "Fru Svendsen"- ikkje særlig mange vi kjende der heller, men vi kjøpte oss pai med salat til, så eg har sagt ifrå om at noko meir middag blir det ikkje i dag. Det er ikkje så dumt å gå på kafe, for då får ein tilmålte porsjonar, og et seg ikkje ut på viddene, slik ein kan gjere heime.
Ny runde på Amfi, for å handle, i dag blei det berre mat+ litt babygarn. Skal kanskje strikke labbar til "Føden" i Volda. Har ikkje høyrt noko meir frå strikkebutikken der borte som skulle sende meg melding på Face når dei fekk inn mønster. Har vore og masa ein gong.
No skal eg ha meg ei kosestund med strikketøy og lydbok, mens er rippar "Hvit panter". Bestefaren frå Kjøllesdalen sagar i dag også, i dag er det plommetrea som får lide.

2 kommentarer:

solveig sa...

Synest det går seint på butikken din. Ein gong eg ville ha mønster som dei måtte bestille inn til butikken her, gorde eg det like godt sjølv på Sandnesgarn. Det tok 5 dagar, og det var portofritt om ein bestilte for over 500 kroner. (Eg bestilte litt lestegarn i staden for å måtte betale porto, for mønster og garn kom på vel 400 kroner.)
Elles er det god service her.

Besta sa...

Eg veit ikkje sikkert om eg skal gå for eit anna konsept. Kanskje Margrete har eit forslag?

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...