Klokka er no 21.15, temperaturen er+ 7 grader C og det er overskya og opplett.
Vi kom nettopp att frå møte/fest i pensjonistlaget. Marsmøtet er det einaste møtet der vi i styret i pensjonistlaget er heilt fri. Då er det kjekt å sette seg lengst bak i salen, i staden for ved VIP bordet lengst framme. God mat får vi også, fine smørbrød og gode kaker. Gratis er det å komme inn, men så kjøper vi lodd. I dag var eg så heldig at eg vann ei konfekteske og ein bøf frå sparebank 1. Nummeret eg vann på var K 2, som er namnet på Europas høgaste fjell, så vidt eg veit.
I dag hadde vi det koselig ved bodet, sat i lag med leiaren i Eldrerådet og mannen hennar, og leiaren i pensjonistlaget, det var vel det "yngste" bordet som var.
Elles i dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg vaska litt skap og skuffer på kjøkkenet før middag og gjorde elles litt forefallande husarbeid. Til middag blei det egg og bacon, og etter at vi hadde slappa av litt, tok Nils ein trimtur i skogen, eg gikk berre ein runde på Vallabøen. Med så mykje selskapeligheit burde eg nok ha trimma meir. Elles så må Nils på møte i Eldrerådet i morgon, han er personlig vara for ho som er leiar i pensjonistlaget og nestleiar i Eldrerådet, for ho skal til Molde på årsmøte. Det er travelt å vere gammal-somme tider. Men så har vi visst ikkje fleire plikter denne veka.
Forresten blomstrar krokusane i hagen vår no!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Gratulerer med gevinsten!
Legg inn en kommentar