søndag, februar 02, 2014

Dagbok 2014: 2.februar

                    2.februar 2010
Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 8 grader , det er heilt bert, med litt regn av og til, og slett ikkje slik som på det 4 år gamle bildet over her. Februar plar vere snømånaden her, men det ser heller mørkt ut i år, bokstavlig talt. Ja, det er godt for alle som slepp å mòke snø, og lettvint, men i seinare år har eg blitt glad i den KVITE vinteren.Og glad i å fare på spark.
Vi var ute og gjekk ein tur før middag, og eg var med inn i skogen der Nils har helde på og veda, for dei som har slikt arbeid på gang er det ein fordel med berr og frosen mark. Eg har laga mat i dag, middag til i dag, og delvis til i morgon. Elles har eg lese ut boka som eg har skrive om rett under dette innlegget. Har lese seks bøker hittil i år, ingen av dei har vore over middels gode, etter min smak.
Elles har eg ikkje gjort så mykje, men det var heller ikkje meininga.Vi hadde fisk til middag i dag, sidan vi skal ha kjøtmat i morgon.Då kjem Margrete til middag. Det er slutt på at heile familien er samla annankvar mandag. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...