søndag, februar 23, 2014

Dagbok 2014: 23.februar

Klokka er 19.15, temperaturen ute er+ 8 grader C, og det regnar. Skikkelig mørkt og trist er vêret i dag. Og eg har vore utrulig sløv og giddalaus. Har lege på sofaen og lese bok mykje av tida, og om ikkje Nils hadde tatt initiativ hadde det vel ikkje blitt middag ein gong. Ikkje at han har vore meir aktiv enn meg, sånn jamt over.
Eg la i alle fall siste hand på årsmeldinga og trykte opp så mange eksemplar som eg hadde papir til, og det er kanskje nok. Papir får eg tak i imorgon, så det er innga krise.
Nils fekk retta opp Skype´en og vi snakka med Rasmus og Ingar. Ingar hosta og hadde litt feber, det er vel ikkje uvanlig for årstida. Elles er han blitt enda meir lik Eivind enn før. Lenge sidan vi har sett dei live.Dessverre.
Så hadde eg meg ein lang telefonprat med ei veninne. Frisørtime på tysdag bestilte eg pr. Facebook. Det er snart ikkje den ting ein ikkje får ordna via digitale media.
Såg ikkje avslutningsseremonien i OL, gløymde det rett og slett, men det kjem vel i reprise.Når det gjeld vêret kan det vere like godt at det ikkje er altfor fint, med tanke på dei som er ferdige med vinterferien.I kveld begynner det i alle fall ein ny TV-serie-håper den blir bra. Og så er eg glad OL er slutt og at det ikkje vart verken terrorhandlingar eller anna dramatikk. Det er nok med det som skjer i Ukraina.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...