onsdag, februar 12, 2014

Dagbok 2014: 12.februar



Klokka  slo nettopp 5(17), ute er det framleis vårlig og fint, lettskya og litt sol av og til før i dag.Temperaturen er + 5 grader C. Men eg har sett på FB at det har kome snø lenger sør, så eg føler meg ikkje heilt trygg-trur vinteren kjem før eller seinare.Var ikkje lenger enn ut på altanen og tok bilde i dag.
Denne dagen kjem ikkje til å gå over i historia som særlig innhaldsrik for mitt vedkomande. Eg har lege mykje på sofaen og lese og dorma. To netter med smerter og lite søvn gjer ein ikkje særlig pigg. Men det ser ut som om det går over, og då er det snart gløymt. Verker i dag også, men er likevel mykje betre, greier å ligge i alle fall.
Håper eg blir så bra i morgon at eg får sjå musikalen der Eirik er med. Margrete skal vere på premieren i dag -også. I morgon kjem Ingeborg heim, så her stiller vi opp etter beste evne.No har Nils kokt poteter og funne fram noko mat,for ein gongs skuld er eg ikkje svolten, og har ikkje lyst på mat. Det hender ikkje ofte.


1 kommentar:

Bjørg sa...

Kjekt å sjå bileta frå Ørsta. Leit du ikkje er i form. Håpar på snarleg betring for deg. Det var godt for oss å komme vekk frå all snøen i Larvik. No har visst det meste regna vekk. Vi har det kaldare her i år enn vi har hatt før. Vi er på skuggesida . Laurdag er det heimatt. Ser fram til vårt gode varme hus.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...