fredag, januar 24, 2014

Dagbok 2014: 24.januar.

Klokka er 19.15, temperaturen ute er +2,5 grader C og vi har hatt same fine vêret som i går. Her oppe hos oss blæs det ikkje, men eg kjende at nede i Vik var det iskald vind.
Då eg stod opp i dag, etter ei natt med lite søvn, var eg lemster og låk i ryggen, men etter at eg hadde støvsuga og styra litt var eg nesten heilt bra. Det gjeld å halde seg i bevegelse.
Har hatt problem i heile dag med å forstå at det er fredag, for eg har fått laurdagskjensle, uvisst kva det kjem av.
Dette har vore ei variert veke, med mange kjekke aktivitetar og besøk.
I dag hadde vi stevnemøte med Lise og Kjell på Amfi, der vi benka oss på kafeen og prata om alt som fall oss inn. Dei var på handletur frå Stryn og hit. Når siste tunnelen blir ferdig, skal vi ein tur til Stryn, lenge sidan vi har vore der no. Skal kjøpe noko der som ikkje er her.
Chatta med Ingeborg i går. I Kristiansand er det mykje snø og kaldt. Ho hadde lyst til at eg skulle strikke panneband til henne, og i dag kjøpte eg garn. Men så er eg ikkje sikker på om eg har "handla" rett, så dersom nokon av dei som les bloggen, har tips om eit godt mønster og høvelig garn, så set eg pris på det. Trur ikkje det som dama på strikkebutikken foreslo, blir varmt og tett nok. Skal no sjekke dei mønstrene eg har sjølv også.
Då vi kom  att frå Vik i dag, steikte vi småsei til middag, det var ei god avveksling frå all ballen.
Elles har Nils koka grønerterstuing av 5 pk. grøne erter, og frose ned i høvelige porsjonar. Det er noko som han, og visse andre, likar godt.
Eg har fått rippa alle tre bøkene eg lånte i går, og skal levere dei tilbake i morgon. Eg sit framfor dataen og strikkar mens rippinga går føre seg. Er snart ferdig med enda eit par "restelester". Og slik går no dagane. No skal eg berre rydde litt i heimen og legge i hop ein klesvask, så er det TV resten av kvelden. Nesten for mykje av det gode på fredagskveldane. Men eg ser aldri TV på dagtid, så eg overdriv ikkje TV-tittinga. Trur eg.
Ønsker alle ei god held. Håper det blir vêr til å vere ute både for små og store.Kjekt for dei som vil gå på skeiser at det er fin is mange stader. Særlig sidan det er smått med snø.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...