fredag, oktober 25, 2013

Dagbok 2013: 25.oktober.

Klokka er 18.45, temperaturen er + 6 grader C, det er overskya og opplett. Tidligare i dag kom det litt regn. Sidan bror min har fødselsdag i dag, tog vi oss ein liten tur til  Eid før middag for å helse på.Vi hadde eit lite ærend på Starumshamn også, når vi først tok turen over fjorden.
Vi hadde ei koselig pratestund med Bodil og Svein, etter kvart dukka også dei to yngste barnebarna opp. Kjekt å sjå dei også. Vi hadde i alle fall tenkt oss ein tur på gravene i dag, Bodil hadde kjøpt blomster, så det vart til at vi planta dei, i staden for å kjøpe nye.Neste gong kan det bli omvendt!
Det var fint på gravplassen i dag, og fin utsikt til alle kantar, problemet er at der er for mykje lauvtre, så det ligg visna lauv over alt. Det skal visst gjerast noko med det.
Vi henta heim vedkløvaren som stod att inne hos Margrete sidan vi var der og veda. Det kan henge vi treng den om vi finn ut at vi skal skaffe oss meir ved.
No har vi ete middag, Nils hadde tatt opp fiskekaker frå frysaren i går kveld, så det gikk fort å få til eit fullverdig måltid.
No blir det ein lang TV-kveld, så det står berre att å ønske alle ei god helg!


3 kommentarer:

Hildegard sa...

Dette vart fint. Takk for hjelpa!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Av og til kjem kommentarane dobbelt, eg gjer vel noko feil. Kjekt de tok turen til Eid på bursdagen til Svein. Takk for vakker blomst, seifilêt m.m.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...