onsdag, oktober 30, 2013

Dagbok 2013: 30.oktober

Klokka er ca 19.45. I dag har det vore overskya, men ikkje så mykje nedbør, det eg veit, har faktisk ikkje vore ute for ei dør. Akkurat no er temperaturen +3-4 grader C.
Det har vore ein lang og innhaldsrik dag på mange måtar. Nils reiste ut og fiske klokka 8.30 i lag med den pensjonerte soknepresten vår, som opprinnelig kjem frå Sandane.
Eg fekk huset for meg sjølv nokre timar, og nytta høvet til å støvsuge og vaske heile kåken.
Så hadde eg eit par telefonar eg måtte ta i embets medfør, og dessutan ein del skriverier.
Meir rakk eg ikkje før Nils kom heim att med sei, skate og lysing. Lysing, eller kolkjeft som dei kallar han her, er ein nydelig fisk. Skatevengane skal Nils få ha i fred for meg.
Vi laga ikkje middag med det same, men åt brødskiver og drakk kaffi.
Så vart det ein pause. Middag vart det seinare, kokt småsei, sjølvsagt.
Eg har levd meg totalt inn i historia om Rasmus Rebellen dei to siste dagane. Har lese den på rekordtid til meg å vere. Les sjeldan bøker på papir, men det går altså mykje fortare enn å høyre dei. Til gjengjeld får ein ikkje gjort noko anna samtidig.
Har skrive litt om boka, men viser helst til det andre har skrive så mykje betre. Boka er berre heilt fantastisk. Ikkje berre formidlar Øystein historia på ein framifrå måte, men språket er det som imponerer meg aller mest. For meg er språk som musikk. Eg er kanskje ikkje særlig musikalsk i vanlig forstand, men eg er ein språkelskar og kan nyte ord og vendingar på same måte som andre nyt musikk. Innbiller eg meg.
Eg må heilt sikkert lese boka om att SAKTE og nyte kvart ord.
Eit lite sitat. ( Aslak fortel til Ragnhild, barnebarnet til Store-Rasmus, og seier):
"I opphavet var korkje himmelen eller jorda eller havet, men ein umåtelig lengt etter varme og drikke, mjølk og vatn. Berre ei lita stund kviler vi på mor sin arm. Eit menneskeliv er ikkje anna enn eit flakkande lys over himmelen. Så er det over."

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...