tirsdag, juli 09, 2013

Dagbok 2013: 9.juli

Slik er utsikta frå altanen vår i dag. Regn og skodde gjer at vi ikkje ser Melshornet ein gong. Temperaturen ute er + 10 grader C. Tross vêret har eg nettopp hatt meg ein tur rundt Storebakken med lydbok på øyra, gjekk faktisk ein tur i går ettermiddag også.Konsentrerer meg bra om bøkene når eg går tur.
Nils har berga dei nybeisa hagemøblane inn under altanen etter at "partyteltet" fall saman, så no får vi håpe på godt vêr og god tørk. Det er bra meldingar for morgondagen og ei strålande sol på fredag, om ein skal tru yr.no. Eg håper det held seg oppe, for i morgon kjem Rasmus med familie. Det kunne vere kjekt om dei fekk oppleve litt fint vêr i Ørsta for ein gongs skuld.
I dag har eg vaska og rydda litt både her og der og vi har vore ein snartur på Amfi. Til middag vart det fiskekaker frå frysaren.
Om vi ikkje overanstrenger oss, så har vi alltid noko å henge fingrane i dersom vi har energi til overs. 

2 kommentarer:

solveig sa...

Dagens prosjekt for meg var å vaske nyestova - grundig med vindaugspuss innvendig. Eg hadde ønska meg litt regtn til dei nyplanta/omplanta staudane mine ... Eg hadde tenkt meg ut når det slutta å regne. Ja, ja, ugraset forsvinn ikkje - tvert imot.

Besta sa...

Eg har funne ut at det er lurt å ha ein plan for dagen, elles blir det berre opp i tull. Men lurt å ha ein plan B også, sidan mykje er avhengig av vêret.

Dagbok 2024: 28.november

Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok- bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i...