Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er+ 11 grader C. Det har vore skodde og regn i heile dag, men det ser ut til at skodda skal lette på sikt.
I dag har det vore ein sløv dag, eg skuldar på vêret når eg er så giddalaus. Vi tok ein tur på Amfi f.m. men trefte ikkje mange vi kjende i dag. Så gikk vi på Adam og åt lunsj. Små brød med innbakt kjøttdeig etc. For to slike og to store krus med te betalte eg 100 kr. Vi vart såpass mette at vi tenkte å sløyfe middagen, men no har vi ete middag likevel; det blei fiskebollar i kvit saus, som planlagt. Og vi har den fridomen at vi kan ete akkurat når det passar oss.
Då vi kom heim sette eg prinsessebryllaupet på opptak, hadde ikkje tenkt å sjå, men så hadde eg ikkje noko anna å gjere, så eg sette meg til å gløse likevel. Såg ikkje begynnelsen, så eg har ikkje sett alle kjolane enno. Eg såg fleire raude kjolar, og andre har sett både kvite og svarte. Desse fargane var forbodne i bryllaup - før i alle fall. Ingen skal ta merksemda bort frå brura (kvitt, raudt) eller kle seg i sorg (svart). Men eg har lese at ein kan bruka svart om ein piffar opp med ein farge. Skal sjå opptaket, såpass eg får sjå kjolane. Resten er no ganske kjedelig.
SÅ.......begynte eg på "POLITI" og den fengde meg frå første stund. Trur eg må gå ein laaaaang tur i morgon. Såg at papirutgåva var utseld på bokhandelen på Amfi.Han dediserer boka til bror sin, som døde i vinter ein gong. Det er lenge sidan eg har lese Jo Nesbø, så eg har sikkert ikkje fått med meg alle bøkene. Det er litt dumt sidan det går ei samanhengande historie om privatlivet til Harry Hole parallet med krimhistoria.
No blir det vel å sjå TV resten av kvelden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 28.mars
Klokka er no19.15, temperaturen ute er +4grader , og det er overskya og litt regn. Idag har det vore ein litt spesiell dag fordi eg fylte ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Eg og reagerte på kjolefargane. Svært mange hadde raude variantar. Reportaren heldt på å forsnakke seg.
Såg at den danske kronprinsessa hadde knallraud kjole, kvar var svigermor? Eller er dei gamle reglane ute på dato.
Legg inn en kommentar