Klokka er ca 19.45. Temperaturen ute er + 11 grader C og det er opplett. Eg har nettopp vore ute og gått tur i lag med Harry Hole. Tidligare i dag har det regna, så eg har ikkje vore ute før.
Før middag baka eg 6 brød og laga middag. Nils var ein liten tur bort på terminalen og fiska. Det var no mest for å få seg ein liten tur.
Ytst ute i Starevegen bur ein pensjonert rørleggar, og kvar sommar set han opp ein kvernkall i elva ovafor huset. No var den komen på plass. Elles er det mange fine rhododendronar å sjå i hagane, trur dei har klart vinteren bra. Det er visst berre vi som ikkje får dei til.Alle vi har kjøpt opp gjennom tidene har visna vekk, med unntak av dei tidlige raude.
Eg har lese ein del i boka om Harry Hole i dag, men det går ikkje så fort, for det hender rett som det er at eg dett ut, og må spole tilbake.Men så langt likar eg boka godt.
På toppen av Storebakken.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Vakre bilder. Vi har to rhododendron som vi prøver å få til. På Vallabøen er det variert med flate og bratte vegar, så det er nok fint for deg å gå tur der, ikkje så langt til utmark heller.
Legg inn en kommentar