torsdag, juni 20, 2013

Dagbok 2013: 20.juni

Melle, hausten 1968.
Klokka er 21.30, temperaturen er + 14 grader C. Sola skin på andre sida av fjorden, men her hos oss er det kveld. Dagen starta ganske skya, men det vart finare etter kvart. Og i morgon snur sola.
Fiskaren sov godt og lenge sist natt/morgon, så det var ei stund før vi kom i siget. Nils mol fisk på handkverna, of eg laga fiskekaker. Etterpå shina eg opp kjøkkenet og vaska golv.
Vi var ein liten tur nedover og handla før vi åt middag, fiskekaker sjølvsagt.
Kvilte middag på altanen, og så vart det ei økt i hagen når det nærma seg kveld.
No har TV-en fått eit anfall igjen- han er heilt død; det same hende ein gong før, så eg ser ikkje bort frå at vi må til å kjøpe ny flatskjerm.
Elles er det Margrete sin fødselsdag i dag. Ho reiste til Bergen i går, for å vere sensor, men eg reknar med at ho er komen tilbake.Litt skummelt når minstebarnet er 45!
Vi har så mange fødselsdagar i familien denne tida at vi må samle opp til fellesfeiring.
Gratulerer med dagen, Margrete!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koseleg bilde. Mange gode minner frå farmor-tida og dei seks syskjenborna, som no har 11+11 eigne born.

Besta sa...

Ja og begge kulla består av tre jenter og 8 gutar.
Mamma brukte å spøke om at det kunne bli eit heilt fotballag, meiner ho vart oldemor til 4 gutar før ho døde? Ja, eitt fotballag vart det i alle fall + reserver.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...