Nils tok seg ein tur på vedaskogen før middag, mens eg støvsuga, rydda etc. Koka blomkålsuppe til han kom heim.Elles går det i litt klesvask og anna husarbeid. Må gjere ein ekstra innsats denne veka, for neste veke har eg mykje på programmet. Bestilte frisør til torsdag, sidan eg skal på pensjonisttreff på Velle skule tysdag kveld. På formiddagen skal eg på eit møte i komiteen som skal legge opp program for dei eldre på aktivitetsdagen 8.mai.Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget.
Eg trudde ikkje eg hadde klipt meg sidan november, men så gale var det ikkje. Var til frisør i januar.
I dag vart Dalhaughuset selt, så no veit vi kven dei nye naboane er. Det er folk i 50-årsalderen, ikkje akkurat vår generasjon, men heller ikkje småbarnsfamilie.
Eg har hatt litt problem med speilreflekskameraet, men no trur eg at eg har funne ut av det. Tok ein liten tur for å teste, og knipsa vilt. Nils må finne seg i å vere fotomodell. Eg sløyfa turen min i kveld, gikk berre ei lita runde. Har hatt problem med ein fot ei tid, vondt under hælen når eg stig ned. Litt betre i kveld, så kanskje det hjelper med ein kviledag. Låg ute på altanen med lydbok ei stund, seint på ettermiddagen.
Nils har kløyvd ved og hatt i sekker. Har ca 50 sekker ferdige no, men har meir ved å kløyve.Ikkje rart han må ha seg litt eksta næring i form av müsli og youghurt.
2 kommentarer:
Kjekt at du finn ut av fotoapparatet!
Legg inn en kommentar