torsdag, februar 14, 2013

Dagbok 2013: 14.februar.

Klokka er 14.30. Temperaturen er + 3 grader C, det er overskya og opphaldsvêr.
I dag var vi nokså tidlig opp, så vi fekk både vaska og støvsuga før vi tok ein tur til Vik. Til vanlig brukar eg å gjere slikt arbeid "sjølv", men i dag fekk Nils lov å støvsuge, for her var i grunnen ikkje så skite.
Vi hadde ærend på biblioteket og mangla litt av kvart også. Vi trefte masse kjekke folk på Amfi i dag, så det vart mykje prat. På glasmagasinet sel dei ut alt med opp til 70% rabatt. Butikken skal bort og Femina skal inn. Då blir det dårlig med tallerkar etc. i Ørsta. Det gule sitronserviset til Ferdinand Finne har eg ønska meg lenge, og eg har angra at eg ikkje kjøpte det til minus 70 % i Kongsberg i fjor. Men no var det kome til den prisen her. Der var berre 5 tallerkar att, men eg likar å ha litt å variere med i kvardagen, ein treng ikkje å ha 12 av alt. Skåler og fat treng eg ikkje, men for dei som har noko før, kan det vere greitt å supplere. Tallerkane kosta 329 kr stk. ordinært.Der var mykje fint på sal, men i dag gjekk det unna. ( Eg skulle trene på nærfotografering med speilrefleks, men så var batteriet tomt, så bildet er tatt med det gamle kameraet).
No har eg steikt svinekotelettar til middag, men dei blir servert på gamle tallerkar i dag.
I dag er det Valentins dag, og også fødselsdagen til ein kjær nabo som gikk bort sist haust. Dresden blei bomba på 5-årsdagen hans. Kona hans var fødd same året, den 6.august. Så kan de finne ut kva som hende på hennar 5-årsdag. 

5 kommentarer:

Anonym sa...

6.aug 1945 fall atombomba i Hiroshima

solveig sa...

Det tenkte eg og først på.

Fine tallerkar! Eg ser av og til servise til -50%, men -75 er røvarkjøp!

Besta sa...

Det var Hiroshima,ja.
Eg skreiv feil først, det skal vere 70%, ikkje 75. Bra med 70 også. Det var mange dyre ting på butikken og då utgjer prosenta mange kroner.

solveig sa...

Det er berre å slå til når ein får så fine ting med så gode rabattar. Serviset er tidlaust, men finast til påske!

Besta sa...

Fargane passar i kjøkkenet vårt, og det er kjekt å ha pene ting til kvardags-det er mest kvardagar!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...