fredag, februar 01, 2013

Bok nr.4 - 2013: Kjerringer


Ella, som er amanuensis ved universitetet i Oslo, skal halde ei kurs i latin på fritida si. Der møter det mellom andre opp tre vaksne, velutdanna damer på hennar eigen alder. Desse fire blir etter kvart venner og finn ut at dei alle har ein mann eller to som dei vil straffe. Slik blir klubben "Kjerringer" til. Dei fire damene finn ut finurlige måter for å få gitt mennene ein lærepenge.
Forfattaren skriv godt, det skal ho ha.Det heile er halde i ein humoristisk tone, men det er noko avlegs, noko 80-tals over heile boka. Eg trudde vi var ferdige med mannefientlige kvinnesaksbøker. No skal det seiast at ho på ingen måte skjer alle menn over ein kam, det finst også sympatiske typar av arten.
Så hysterisk morsomt er det ikkje. Eg var lei heile boka lenge før den var slutt. Det eg likte best var at eg lærte litt latin undervegs, både uttale og grammatikk, ja enda til heile setningar.No veit eg t.d. at Cicero skal uttalast "kikero"- problemet er berre at når eg er den einaste som seier det rett, trur alle at det er EG som tek feil.

1 kommentar:

arieldog sa...

Eg las ikkje blogginnlegget ditt før eg sjølv hadde blogga om boka, og eg konstaterer igjen at vi er svært einige. Eg fekk assosiasjonar til Fay Weldons bøker frå 70- og 80-talet, og då verkar denne romanen noko avleggs. Kanskje fungerer den betre for dei som ikkje har denne litterære ballasten.

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...