Klokka er har passert 16.00 og sola har gått ned. Temperaturen er så vidt under 0 grader C.
Det har vore ein strålande dag med sol frå skyfri himmel, men dessverre litt glatt på vegane.
Eg var ganske flittig før middag, fekk både støvsuga og vaska til helga. Nils hadde tannlegetime kl.11.30, og då han kom opp att reiste vi til Vik for å handle. Sjølv om veret er fint, er det ikkje så mykje å ta seg til ute når det er snø og is rundt dørene.
Det var for det meste mat vi handla i dag. Då vi kom heim steikte vi oss fiskekaker til middag.Og no måtte Nils bort på kaia for å fiske, han såg teikn til makrell i fjorden i dag-sjølv om det er lovlig seint på året for den slags.
I morgon klokka 9.00 er det min tur å ta min årlige tannsjekk. Vi har bedt om å bli innkalla på same tid og det har funka i årevis, no har vel systemet feila litt. Men sidan tannlegen har flytta tilbake til Ørsta betyr det ikkje så mykje.
Bilda eg legg ut i dag, er tekne på ulike tidspunkt. Dei to i midten har eg tatt frå parkeringsplassen på Amfi.
Solveig har gitt meg ein "award" for bloggen min, og det er no kjekt. Eg reknar meg ikkje for nokon typisk bloggar, men fortel litt om veret og daglige gjeremål. Eg veit også litt om kven lesarane mine er; det er stort sett familien, naboane og tidlegare naboar som har flytta frå Ørsta og synest det er kjekt å følge litt med på det som skjer her. Elles veit eg godt at kven som helst kan finne bloggen min og lese den, derfor skriv eg ikkje noko "hemmelig" her. Eg synest det er kjekt at folk les det eg skriv, men skulle gjerne hatt fleire tilbakemeldingar.
Elles er det mange som trur at eg lagar fiskekaker heile tida, det stemmer ikkje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
DAGBOK 2024: 19. APRIL
Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
1 kommentar:
Hei,hei
Er ein fast lesar av bloggen din, sjølv om eg verken er familie eller nabo :)
Ang. fiskekaker: hadde vore kjekt om du ville dele oppskrifta du bruker!
Helsing komande(?) fiskekakelagar. ;)
Legg inn en kommentar