Orkidéen var det Solveig som kom med.Ny farge i samlinga.
Klokka er snart 19.00. Ute er det overskya og regn, temperaturen er + 6 grader C.
I dag har vi vore bra mange av familien samla her i Starevegen, feira både Nils og Erlend, sidan vi blir bortreiste på Erlend sin dag, om alt går etter planen. Vi vart berre 9 til bords i dag sidan fleire i familien er ute og reiser.
Einar og ein kamerat var så vidt innom også, men då var ikkje maten ferdig.........
Det vart første gongen med juleribbe denne sesongen, og to sortar pølser, mør frå Vigra, såkalla Vigramør, og julepølser frå Jakobsen i Volda.
Til dessert hadde vi karamellpudding som Solveig kom med, is og kransekake som vi hadde kjøpt.
Seinare hadde vi bløtkake og kaffi, men ingen var særlig svoltne då.
Nils var ein tur nedover og handla litt f.m. -eg har vore heime heile dagen. Det er ikkje så mykje program på desse familiesamkomene våre, det blir helst mat og prat. "Ungane" begynner så smått å bli vaksne vaksne, så dei styrer med sist. Solveig kom med ein fin orkidé, og Margrete med eit heilt nett med godsaker. Det var vel eigentlig til Nils, men det dryp vel litt på "klokkaren" også. No har eg ein 1/2-time til å lese bok, før det blir dansefinale. Heia Ben!
PS: Ei av døtrene saknar sikkert fotoapparatet sitt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Heldigvis ho som kjem att på tysdag ... Eg har mitt!
Eg hadde ikkje teke bilete med det uansett. Hentar det på tysdag :) Takk for oss!
Legg inn en kommentar