torsdag, september 06, 2012
Vêrmelding 6.september - 2012
Klokka er 18.45, ute er det overskya og for det meste opphaldsvêr. Temperaturen ute er +10 grader.
Trefte ei veninne frå pensjonistlaget i dag som kom att frå Oslo med nattbussen. Ho var heilt oppløfta over å ha hatt fine og varme dagar i hovudstaden.
Då vi stod opp i dag, såg vi at det hadde snødd ned i dei høgste fjelltoppane, og Den store frosten tok tak i meg, den sit vel i til det blir vår igjen.Vi var ein tur ned på Amfi og handla, og då såg vi at det hadde kome nysnø oppå den gamle snøen som låg att i Saudehornet. Kan ikkje hugse at det har hendt før.
Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Dagkino og sjå Kon-Tiki i dag. Nils skulle til Volda på verkstad med Note-en. I siste stund bestemte eg meg for kino. Filmen var veldig flott med spektakulære naturbilde og ein stilig Thor Heyerdal, som ættar frå Ørsta. Bestefar hans er herifrå, og onkelen hans er lensmann her.Sjølve hendinga var jo kjend frå før, og vi visste at alle kom fram dit dei skulle, elles hadde det vore enda skumlare med alle dei store haiane. Trur filmen kjem til å slå godt an i USA."Based on a true story"- kanskje ein Oscar?
Eg ringde til Nils, som framleis var i Volda, så eg bestemte meg for å gå heim. Sist eg gikk opp att frå sentrum, køyrde eg Erlend i barnevogn. Han blir 9 år til hausten. Eg valde gangvegen langs Vike-elva for å sleppe å gå i trafikken. Eg var så gjennomfrosen av å sitte stille i ein (for meg) iskald kinosal, så eg gikk så fort eg kunne for å få varmen i meg - utan at eg blei varm før eg var heime på kjøkkenet og begynte å steike pannekaker. Nils kom straks etterpå. Etter at vi hadde ete somna eg på sofaen. Kjende ikkje noko i verken rygg eller hofte då eg gjekk oppover, men fekk litt vondt i "godefoten". Så får eg sjå korleis eg føler meg i morgon.
Har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, men eg har no løna den samme uansett.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar