Klokka er 16.30. Ute høljar det ned, skikkelig grisevêr med andre ord. Temperaturen er +11 grader C.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. På føremiddagen vaska og rydda eg i huset og gjorde diverse anna husarbeid. Ikkje så mykje å skrive om eigentlig.
Til middag hadde vi restar frå i går, og etter ein rask kaffikopp tok vi turen til Volda, for å høyre etter bilen til Margrete.
Den var bestilt i april, og det vart då sagt at det kunne gå opp til 3 mnd.før ho fekk den. Vi tykte det var drygt, men no har det gått fire mnd. Til samanlikning kan eg nemne at då vi bestilte bilen vår i Ålesund fekk vi den på mindre enn ei veke. Det var sjølvsagt eit anna bilmerke, men likevel.Trur det er lurt å handle bil på store forretningar.
Bilen står i tektyleringskø i Drammen og det har den gjort i vekesvis.Til alt overmål reklamerer dette bilmerket med "kort leveringstid". Kor lenge er det, eigentlig? Blir litt opptrekt!
Skulle eigentlig ha hengt ut ein klesvask, men det blir vel trommeltørk i dag. Har vore innom biblio og henta ei bok som dei hadde lagt til sides til meg. Den skal eg rippe no, så kan dei få den att i morgon når eg skal på styremøte i pensjonistlaget.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar