søndag, september 23, 2012

Vêrmelding 23.september - 2012

Klokka er 19.00, og sola skin framleis. Det såg ei stund ut som om det ville skye over, men heldigvis klårna det opp att. No er temperaturen ute + 9 grader C.
Før middag gjorde eg ein del husarbeid før vi tok oss ein luftetur. Vi køyrde ut til Sætre og gikk på den gamle bilvegen. Eg var ikkje i form til nokon utfordrande tur i dag, sidan eg har vore på tur før i veka. Kan ikkje overdrive. Når vi går utover Sætre (vegen til Ålesund) er vi på solsida, og med eit grøss ser eg over til Melle som ligg i skyggen av Melshornet.Eg gløymer aldri haustane i Melsbygda, dei var deprimerande. Som alltid har eg kamera i lommen, men det er vanskelig å få fine bilde i låg sol.
Då vi kom heim att, var det å henge opp ein klesvask og stryke litt klede før vi laga middag. Lettvint mat i dag; steikte nokre kotelettar.
Etterpå la vi oss ut på altanen og kvilte middag. Eg låg med dyne over meg, og las lydbok. Sola brunar vel ikkje mykje, men ein er no ute i frisk luft. Nils har vore ein tur på terminalen og fiska, utan å få fisk.
No har eg reinska 4 kilo plommer som står på kok og skal bli syltetøy. Nils er ivrig når det gjeld syltetøykoking, så han er det som spring opp og ned kjellartrappa etter sukker og glas etc.
Her er ein del aktivitetar som er knytt til opninga av Kvivsvegen, men vi har ikkje  brydd oss med å stille opp på noko.Blir litt kvalm av at heile vegprosjektet skal vere så kommersielt - det handlar mest om korleis vi no kan shoppe over heile regionen.Det kunne vi før også om vi ville, og om nokon vinn, så må andre tape. Sånn er det bare. Når vegen blir heilt ferdig, kan vi reise herifrå til Grodås på ca 35 min. Men vi er ikkje så mykje på dei kantar.
     "Den glemte hagen"- ein boktittel som fall meg inn.
                       Her går juleribbene og gjer seg feite.
                     Og heime blomstra clematisen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Når det gjeld handel, trur eg helst det er stryningane som vil tape, men det blir snerte for sunnmøringane når dei skal på hyttene sine i Stryn og på Strynefjellet, eller dei skal vidare austover.

Besta sa...

Men for oss som køyrer Hemsedal har det lite å seie.