Eg var ganske flink før middag i dag; baka brød, vaska og styra. Til middag varma vi opp siste resten av fårikålen, så no er vi ferdige med den. Heldigvis.
Vi skulle slappe av litt etter måltidet, og eg la meg på sofaen med lydbok. Så ringde telefonen, og middagsluren vart spolert. Etter at vi hadde drukke kaffi, skein det opp litt, og eg meinte eg burde pusse stuevindua utvendig. Nils meinte vi skulle gå tur, og han fekk viljen sin. Vi køyrde bort til Hovdevatnet og gikk rundt vatnet, for første gong på mange år. Det var fint vêr heilt til å begynne med, men etter kvart regna det.
På bildet over, ser vi rett over vatnet til garden Ytrestøyl. Vegen til Ulsteivik og Hareid m.m. går rett nedanfor denne garden. No kan de få vere med rundt vatnet.
Vi såg mange spor etter orkanen her også.
Nils på veg opp til Høgetua, der vi skreiv namna våre i boka . Det var forferdelig gjørmete og vått.
Nytt sidan sist vi gikk der, var den grusa vegen bort til gardane.
Vi gikk på gamlevegen, kryssa den nye og heldt fram på den gamle mot Hovdebygda.
Her ser de Morkaåstunnelen.
Og her ser vi mot Helgehorntunnelen.
Så ser vi vatnet igjen. På denne staden kosar folk seg om sommaren med grilling og bading. Eit fint frluftsområde. Nils jogga i førevegen og henta bilen, så eg juksa litt, men det trur eg var bra.
2 kommentarer:
Dette såg ut til å vere ein fin tur. Eg hadde meg også ein liten runde i fineveret: Malakoff-Os-Skipenes-Øyanevegen. Litt kald vind langs elva. Første nysnøen i fjellet ned til Ossætra i dag.
Eidabesta
Turen starta fint, men etter kvart regna det meir og meir og det vart skymt-det kan ein sjå på bilda.
Men det er godt å kome seg ut, berre ein ikkje får svi for mykje dagen etter.
Legg inn en kommentar