tirsdag, august 07, 2012

Vêrmelding 7.august 2012

Kongsberg. Klokka er 22.30 og temperaturen er + 15 grader C. Vi har hatt ein ekstra lang køyretur i dag, for det var problem mellom Vikersund og Hokksund på grunn av flaum og vi måtte køyre over Haglebu.
Veret har stort sett vore bra. Då vi kom til Sogndal skein sola, men på austsida av fjella var det meir grått. Fekk ei skikkelig kraftig regnbyge nedanfor Hemsedal, På Gol var det fint igjen.
For dei som er interesserte kan eg seie at vegen over Haglebu er ei fin naturoppleving, men vegen er reine skire vaskebrettet-eller skal eg kalle det telehiv ? Ikkje anbefalt med hestevogn i alle fall. Hadde vegen vore bra hadde det vore ein kjempefin tur! Vi stoppa både på Gol og på Nesbyen, og måtte køyre sakte, så turen vart lengre enn vanlig.
Men kva gjer det når ein kjem til duk og dekka bord med verdens beste elggryte. Til dessert hadde vi restar av gullbryllupskaka, så slankinga måtte utsettast enda ein dag. Kjekt å vere her igjen, det er eit heilt år sidan sist.

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Godt de er vel framme. Kos dokke!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Elin sa...

Er det ikkje ok å ta til
Geilo og nedover Numedalen då. Ha ein fin ferie, og spar slankekuren til de kjem heim!

arieldog sa...

Kos dykk og hels gjengen!

Besta sa...

Rasmus meiner det er betre å køyre over Haglebu enn ned Numedalen. Vi har jo prøvd begge deler fleire gonger, men gløymer det mellom kvar gong. Vi kom bvel fram og det er det viktigaste.

Elin sa...

Ja,det er sant. Eg har køyrt Numedalen ein gong, og hugsar det var ein nydeleg tur. Så fin gut du har bilete av! No fløymer regnet ned her, skikkeleg sibbe...

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...