Klokka er snart halv åtte, og det har nettopp vore ei nokså kraftig regnbyge. Elles har det vore både skodde, sol og fint ver, og overskya i dag. Litt for ein kvar smak. Temperaturen er +17 grader no.
Sidan eg var i betre form i dag, fekk eg gjort ein del i huset før middag. Og sidan det var høvelig ver fekk Nils botnsmurd båten to strøk. No skal den ligge med botnen opp til vi kjem att frå tur. Og så skal den aldri bli skiten meir, står der i oppskrifta.
I dag hadde vi røykt svinekam til middag, og etter måltidet sov vi middag på altanen. Og så vaskar eg klede i søkk og kav, for det er ingen grenser for kva eg treng av klesbyte når eg skal vere vekke nokre dagar. Mesteparten blir liggande i kofferten. Men om sommaren må ein vere budd på all slags ver -. Så det blir heilgardering.
Eg har også lese ut boka eg heldt på med; Levi Henriksens bok: " Dagen skal komme med blå vind". Det var ei veldig bra bok som eg gjerne anbefaler.
I morgon kjem Margrete bortom ein tur, så då blir ho til middag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
2 kommentarer:
Her har det ikkje regna i dag!
Eg laga blomkålsuppe og serverte sommarkotelettar krydra med smoked paprikakrydder i dag. Det var nokre som var glade for at mora kom heim ogt kokte.
Ja, det vil eg tru. Vi hadde røykt svinekam med smoked paprikapulver. Brukar det også på steikt makrell.
Legg inn en kommentar