mandag, august 13, 2012

Vêrmelding 13.august - 2012

Klokka er 19.15. Temperaturen i Starevegen er ca +20 grader, og det er sol. Vi har hatt sol heile dagen, men her i Ø. var ikkje skodda vekke før i 14 - tida. Skal ein tru dei som var her-og det skal ein vel.
Vi vakna tidlig i dag etter som vi la oss SVÆRT tidlig i går kveld, trur vi somna før midnatt! Vi overnatta som så ofte før på gamle Victoria hotell . Frokosten der er veldig god, men på grunn av all pizzaen vi hadde sett til livs i går kveld var ikkje appetitten så glupande som vanlig. Dvs. nærmare det normale for alderen.
Vi reiste frå hotellet i 9-tida, men sjølv om det har kome mykje fin, ny veg oppover dalen er der også ein del vegarbeid, slik at ein må vente litt her og der. Vi stoppa ei lita stund på Lom og eg tenkte eg skulle finne litt godt bakverk å ta med vidare, men akkurat i dag stengde bakaren på Lom dørene. Eg veit ikkje om det er for godt? Vi fekk no kjøpt oss litt drikke, og eg fekk tatt nokre bilde. (Har blitt lite fotografering i ferien, det kjem delvis av at objekta har vore lite stilleståande).
Vi stoppa ei lita stund hos Margrete og fekk avlevert presangen frå broren; gava fall i smak. Og vi fekk smake ei nydelig Pavlovakake til kaffien. Her heime vart det pizza til middag for tredje dag på rad. Kan aldri bli for mykje pizza.
Har problem med å sitte og skrive, for heile rommet siglar rundt etter all bilkøyringa. Tre dagar med sol, to av dei i bilen! Var redd eg ikkje skulle få laptoppen til å virke, at det skulle bli problem med å skifte passord etc. Vi sette i kontakten, og det var det. iPaden sparer eg til seinare......
                       Lom, der vegane møtest.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...