Klokka er 22.20, temperaturen er +13 grader C og det har regna i heile dag. Stort meir er det ikkje å seie om vêret.
Men første veka i august er det "Saudehornet rett opp"- og der er det langt frå bert. Det ligg faktisk MYKJE snø att enno. Dette kan eg ikkje hugse har skjedd før.
Dagen har nok for dei fleste vore prega av minnemarkeringa for det som skjedde for eit år sidan, men vi har ikkje sett TV idag, så vi får prøve å få med oss reprisane.
Saka var at bror min hadde besøk av søskenbarnet vårt som eg ikkje har møtt på over 20 år, så eg berre måtte til Eid og helse på han og kona hans som eg aldri har møtt før.
Sidan vi likevel skulle over fjorden tok vi med eit par sekker med kunstgjødsel til Margrete, slik avtalen var. Vi rakk ikkje den ferja vi hadde tenkt i Volda og fann ut at vi kunne køyre rundt fjorden. Det var ikkje lurt. Dårlige vegar (vegarbeid på kvardagar) gjorde at turen tok nesten dobbelt så lang tid som vanlig.
Det var veldig kjekt å møte slekta på Eid og vi hadde ei koselig stund der. På heimvegen stakk vi innom Margrete, og Nils fekk slengt utover all gjødselen. Så får vi håpe det spirer og gror.
Bildet viser fossen ved Leivdøla bru.
Her er vi fire søskenbarna samla på altanen på gamle Apoteket på Eid. Trulig sommaren 1945. Vi ser bortover Almenningen - i nærleiken av Yris hotell.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 20.oktober
Sola har gått ned bak fjella, og det er kveld. Det har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Klokka er ca18.30og temperaturen ute er + 4grade...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar