Klokka er snart 19.00, ute er det sid skodde, men opplett. Temperaturen er + 13 grader.
I dag var vi tilbake i den vanlige tralten. Før middag støvsuga eg og vaska til helga. Etterpå var vi nedover og handla, og eg hadde ein tur på biblioteket.
Då vi kom heim steikte eg rikelig sei til middag, og så slokna eg på sofaen då eg skulle lese litt i boka mi.
Bildet viser sukkerertene våre. Nils er tidlig ute og sår kvart år, men det vil ikkje dermed seie at avlinga kjem så tidlig. Eigentlig skulle vi vel hatt "modne" erter no, men vi fekk vinter og snø etter såinga, og ikkje altfor mykje sommar etterpå heller.
Så er det fredag igjen, og eg vil ønske alle ei god helg. I dag kan vi gratulere M & S-I med bryllaupsdagen!
fredag, juli 13, 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 9.november
Klokka erno19.37, temperaturen ute er + 6 grader og eg trur det regnar. I dag har det vore ein litt annleis dag, og det er no kjekt med for...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
2 kommentarer:
Her og vart det ete store mengder steikt sei. På skulekjøkenet bruker vi semulepudding til dessert etter seibiff. Eg laga sagopudding, noko som var svært populært.
Vi hadde rabarbragrøt frå ein tidlegare middag, så i dag vart det dessert til kaffien.
Legg inn en kommentar