mandag, juni 25, 2012

Vêrmelding 25.juni - 2012

 Klokka er no ca 20.30, og enda ein fin sommardag er snart til ende. Skodda kjem sigande innover, og det spørs om det blir så fint i morgon. I dag tidlig var det også skodde, men den forsvann utover føremiddagen. Akkurat no er temperaturen + 17 grader C.
Sidan det var litt grått på morgonen fekk eg endelig vaska ned soverommet. Det var ingen stor jobb, for der var ikkje særlig skite og eg fór berre lett over. Det er i alle fall gjort.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, berre pusla rundt, og så har eg lege på altanen og lese lydbok-alt i alt ein nokså sløv dag. Strauk ein haug med klede no i kveld, for å bøte på samvitet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her og skein det opp. I halv seks tida for eg til Ulsteinvik. der var skodda komen, og eg var glad eg hadde tatt på meg langerma.

Besta sa...

Eg låg ute på altanen til klokka var ca 19.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...