fredag, juni 15, 2012

Vêrmelding 15.juni - 2012


Klokka er 13.30. Det er lettskya, fint vêr ute, men framleis ingen sommartemperatur; på trappa vår er det + 15 grader, men vinden gjer at det virkar kaldare.
Vi har vore ein tur til Vik og bort på Rystelandet, der vi etter råd frå gartnaren vi snakka med i går, kjøpte noko som skal halde maur borte frå jordbæråkeren. Vi har vore uheldige med jordbæra i mange år no, og vi trur det skuldast maur. Var også innnom biblioteket i dag og fekk meg tre nye bøker-berre den eine var krim! Mat og medisin handla vi på Amfi.
Snoka innom fleire gartnarar og blomsterbutikkar for å finne noko å ha på trappa, men fann ikkje noko som høvde. Der er verken sol eller lunt, så det er litt vanskelig å finne noko som likar seg der.
I går hadde eg ein lat dag, men mot kveld fekk eg eit lite oppsving og baka brød og stelte litt i hagen.
I dag gratulerer vi Hilde på Eid med dagen.Det er så rart når barn og tantebarn, for ikkje å seie barnebarn begynner å bli skikkelig vaksne. Det er mange fødselsdagar i juni i storfamilien vår.
Nils held på og skal koke salta lange og då må eg  berre halde meg langt vekke. Greitt nok !
Bildet har eg tatt frå Rystelandet og de finn sikkert "Sukkertoppen" som vi ser frå trappa vår. Fjellet heiter eigentlig Vallahornet. Bak Vallahornet ligg eit mykje høgare fjell som heiter Saudehornet. Det var der det skjedde ei tragisk dødsulykke tidlegare i veka. Ein mann rende nedover på ski og for utfor ein skrent. 
                             Dagens fanst på biblioteket.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tips til blomster på ei trapp utan sol: Reis på Plantasjen og kjøp noko kunstig. Dei har mykje som ser fint ut! Ja, eg veit at det er mange som har aversjonar mot kunstige blomster, men.... For meg har det blitt heilt ok etter kvart!

Besta sa...

Juletre av plast er heilt OK for meg, men sommarblomster bør vere ekte. Men andre må sjølvsagt gjere som dei vil utan at eg bryr meg.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...