fredag, juni 08, 2012

Tur til Smøla. Kapittel 4.

Vi tok farvel med Veiholmen i 11.30 -tida. Då var sola komen fram og veret var stilt og fint. For ikkje å køyre same vegen om att, tok vi nordsida av Smøla på tilbaketuren. Der var det litt tettare befolka enn på sørsida og vindmøllene såg vi ikkje. Då vi kom tilbake til Kristiansund var det "heimelaga" mat på Nordmørskaféen. Og det var sjølvsagt Kristiansunds nasjonalrett "Blandaballj". Nydelig, syntest eg, betre enn den eg lagar sjølv, grovare i konsistensen. Det er første gongen eg har smakt blandaballj som andre har laga. Men ei frå Olden som var med på turen sa: "Ditta vakje gødt!"  Vi fekk velje mellom mange slags dessertar og vi fekk kaffi attåt. Og dei som ikkje ville ha blandaballj kunne få noko anna.
Før vi åt, hadde vi litt tid til overs, så vi fekk omvisning i byen med dei mange landa med sjåføren som gaid.
Så forlet vi Kristiansund gjennom den undersjøiske tunnelen som ikkje var bygd sist eg var i byen i 1991. Vi køyrde ytre leia sørover og over Atlanterhavsvegen, den har eg køyrt eit par gongar før. Då vi kom til Frena, overtok Eli gaid-mikrofonen og fortalde om sin heimekommune. Vi tok ein avstikkar ut til Bud (som skal uttalast Bu) og sjåførenparkerte bussen oppe på Fortet, der det var godt utsyn over fiskeveret og mange minne frå krigens dagar.

                      Dette er ein radar frå krigens dagar.
Per måtte få lov til å posere med denne kononen sidan han påstod at han hadde skote med ein slik. Han er elles ein fredelig mann.Han hadde med seg to damer i turkomitéen, og dei tre hadde planlagt turen.
Frå Bud gjekk turen via Elnesvågen tibake til Molde. Og så var det strake råsa heim. Vi var alle samde om at det hadde vore ein gild tur.

Ingen kommentarer:

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....