lørdag, januar 28, 2012
Vermelding 28.januar - 2012
Klokka er no ca 19.30. Temperaturen ute er minus 2 grader. I dag har det vore lettskya, ganske fint ver.
Vi reiste utover til Hareid i 12 tida, og var hos Solveig før klokka 13.00. Ikkje lenge etter kom Margrete og ungane. Vi feira Håkon som vart myndig for ti dagar sidan. Det var berre seks av barnebarna våre til stades i dag, så flokken var ikkje så stor som den ofte har vore.
Eg har sjølvsagt ikkje fått alle inn på eitt bilde, så eg måtte legge inn to, og enda får eg ikkje med Erlend. Men han var der, han også. Håkon er guten i kvitt. Elles har Solveig skrive meir om treffet på sin blogg. Vi fekk som vanlig god mat, og som vanlig hadde vi tusen ting å prate om. Takk til Solveig og Øystein m.fl. for ein fin dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
-
Klokka er no18.16. Temperatren ute er +14 grader og det er nokså mykje skyer på himmelen. Eg har hatt ein nokså kjedelig dag, mest fordi e...
2 kommentarer:
Takk for besøket! Eg sit og lurer på om eg vert svolten att i kveld ...
Vi blei litt saltsjuke og gikk løs på spekepølsa. Er ikkje van med så mykje søtt.
Legg inn en kommentar