mandag, oktober 03, 2011

Vermelding 3.oktober - 2011

Klokka er 16.45. Temperaturen ute er +15-16 grader, det er opphaldsver og vind.Så det blir ikkje draging av teiner i dag.
Vi hadde tidlig middag i dag, så gutane hadde behov for eit lite mellommåltid med kneippbrød og Nugatti Air.
Til middag i dag, skulle eg lage ekstra gode fiskekaker, spedd med egg og fløte. Det er oppskrifta til Wenche i Frokost-TV. Og som det så ofte hender når ein gjer seg ekstra flid, var det noko som skar seg, bokstavlig talt. Røra vart ikkje "seig" slik den skal vere. Men fiskekakene gikk ned på høgkant hos alle vaksne. Til dessert hadde vi riskrem-sidan eg hadde kokt graut i går.
Dei fleste i familien er meir og mindre forkjøla, særlig minstemann, så han er ikkje heilt i strøk. Elles har vi det bra.
Vi har vore utan Internett i heile dag, noko som ingen er særlig begeistra for. Då eg endelig fikk Rasmus til å sjekke, var det ein ledning som var løsna. No er alt i orden igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 9-mai

Klokka er no19.24 ser eg- eg fekk nesten sjokk, for denne dagen har gått veldig fort, utan at eg har gjort noko særleg. Eg venta på at Einar...