Tatiana de Rosnay er mest kjend for bestseljaren Saras nøkkel, den boka er også filma. Filmen var betre enn boka.
Huset du elsket har også bakgrunn i ei hending i fransk historie, nemlig byfornyinga i 1860- åra. Ei eldre dame gøymer seg i kjellaren av huset der ho flytta inn då ho gifta seg. Huset der mannen hennas var fødd og hadde vakse opp, og der dei hadde budd saman. Ho elskar huset, slik som mannen hennar hadde gjort, og vil på ingen måte at huset skal rivast. Ho brukar denne siste tida til å skrive brev til den døde mannen sin, og fortel om livet sitt, også det som han ikkje har visst om før. Vi får også høyre andre brev.
Korleis ei fransk kvinne frå Paris overklasse tenkte på 1860-talet er eg ute av stand til å vurdere, men det høyrest ganske autentisk ut.
Men er eg spesielt nostalgisk? Nei. Er eg sentimental? Nei. Er eg overdrive romantisk? Nei. Hadde eg kunna svart ja på desse spørsmåla, hadde eg nok likt boka betre. No tykte eg dei 5 CD-ane var langdryge og ganske kjedelige.
Honnør til opplesaren.
2 kommentarer:
Eg ser at denne også er filma ...
Ja,ja, kanskje DENNE også er betre som film?
Legg inn en kommentar