Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 17 grader, og eg er lettare desorientert. Ute er det skodde, som vanlig, ikkje direkte kaldt, men eg kvir meg for å gå ut fordi det ser så kaldt ut.
I dag vakna Nils tidlig, og stod opp og begynte å gjere seg klar til fisketur. Håkon og eg låg no litt lenger. Karane for ut på sjøen for å sette liner, men lova å komme heim og køyre meg på møte klokka 13.00. Mens dei var vekke fekk eg rydda, tørka støv, støvsuga etc.etc.
Dei kom heim som avtalt, og med ein del fin sei som dei hadde fiska etter at dei hadde sett lina.
Då eg kom på møtet på Bakk-Ola vart eg lettare skipla, for eg trudde vi skulle ha møte med Eldrerådet, men så var det berre ekstra styremøte i forkant av møtet med Eldrerådet, som vi skal ha onsdag!
Då eg kom heim hadde Nils sett i gang middagen med kokt sei etc. slik vi hadde planlagt. Etter ei pause var Nils ut og skar opp meir agn, for det var meininga at dei skulle egne og sette ut att lina etter at dei hadde drege. Dei for av gårde igjen i 18-tida og då var Hassan også med. Han hadde lyst å smake kveite, så no får vi håpe han får det.
Eg sette meg til og skulle sjå fyrstebryllaupet på data, men kunne ikkje strikke så mykje fordi eg hadde skore meg i ein finger, dessutan var eg låk i ryggen, så eg fann ut det var best å legge seg på senga- og dermed gikk det slik det måtte gå. Men eg er i grunnen like trøtt enno, så det er visst best eg prøver å gå ut i "kulden"!
Rasmus var i Aalborg Zoo sist eg høyrde frå han. Dei tek båten frå Hirtshals i kveld klokka 22 til Kristiansand, og så reiser dei vel heim.Det vart både kveite , langer, brosme, hyse , lyr og sei. Fiskarane var rimelig fornøgde.
4 kommentarer:
Her har det og vore skodde i dag med litt sol mot kvelden, men naboen hadde høyrt det var sol på Giske?
Kjekt at dei fekk varierte fiskeslag. Her har det vore ein fin dag, men kjøleg og skodde i kveld. Båten er på slipp i småbåthamna, og Øyvind hjelper Besten med spyling/vasking, polering og bunnmåling m.m. Blir vel sjøsetjing onsdag.
Flott fangst!
Her er det skodde frå morgon til kveld. Den gjer meg heilt sprø.TOLER ikkje skodde.
Legg inn en kommentar