onsdag, april 06, 2011

Vermelding 6.april - 2011

Klokka er snart halv to. Ute er det skodde og regn og +7 grader C. I dag har Nils rive seg ut over snøen på oppsida av huset, så no håper vi den skal tine fort.Det ser forresten ut som om sola har tenkt seg fram.
Eg har brukt føremiddagen til å bake tre kaker, så no har vi snart nok til det felles bursdagsselskapet hos Solveig i påska. Så slapp av, Solveig, det blir nok kaker! To barnebarn+ eg sjølv har bursdag i mars, eitt barnebarn + svigerdatter har i april, og tre barnebarn i mai. Vi slår oss saman og feirer alle litt. Neste oppsamlingsheat blir i juni.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg kjenner at eg begynner å gle meg til påske! Eg lyt ha meg ei handlerunde ein dag og kjøpe gåver!

Dagbok 2026: 26.mars

 Klokka er no18.20, og bildet tok eg for ei lita stund sidan. Det har vore regn o g trasig ver i heile dag, men akkurat no kom det eit strei...