torsdag, april 21, 2011

Vermelding 21.april 2011


Så har vi brukt opp enda ein dag av påskeferien.Dessverre har ikkje veret
vore noko særlig, men no held det på å klårne opp, og i morgon er det
meldt strålande sol. Dagen i dag har vore skoddefull og grå, men
relativt mild. Akkurat no, klokka 20.30 er temperaturen + 8 grader.
Wenche snakka med mor si i telefonen og på Kongsberg var det VARMT.
Dei to største gutane har leika seg fint i heile dag. Dei held mykje på med
data, men så kom Lars innom med presangar frå Margrete. Pakkane
inneheldt Duplo til minsten og Lego til dei to andre, så då hadde dei
arbeid LENGE !
Til middag hadde vi røykt svinekam, steikt i steikomn, med bernaise. Elles så blir det mykje mat og prat.
I morgon ventar vi Margrete og ungane, så då blir det meir liv i leiren.
Elles har eg laga ein ny blogg i dag, der eg vil skrive litt om kva som skjer
i pensjonistlaget. I dag har eg skrive om Seniorkino, noko som kan ha
almen interesse.Bloggadressa er: www.orstapensjo.blogspot.com

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja de har det sikkert både kjekt og travelt. Artig og smart at du har laga pensjonist-blogg. Fam.middag her i dag. Vi fer truleg på hytta i morgon. Første turen i år, har ikkje lagt planer elles, får sjå korleis det ser ut både ute og inne.

Bjørg sa...

Ja, den pensjonistbloggen må eg følgje med på.
Hans og eg køyrde ein tur inn til Bjørke, Leira og Viddal i dag. Det er lenge sidan vi har vore der. Det er mykje arbeid i gong på vegane mellomn Volda og Kalvatn. Interessant å sjå.
Då vi kom tilbake til Ørsta, gjekk vi på kinarestauranten og fekk oss middag. God mat. I morgon er det familiemiddag hos oss.

Besta sa...

Vi var inn til Bjørke på ettersommaren i fjor. Studerte Kvivsvegen, blant anna.Ja, det vert laga mykje vegar her til lands,og det blir mykje å halde ved like.
Vi har ete eit par gonger på den nye tyrkiske restauranten. God mat der også.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...