torsdag, mars 10, 2011

Vermelding 10.mars 2011


Klokka er snart halv fire. Sola skin frå ein nesten skyfri himmel, temperaturen er +3-4 grader C, og snøen som kom i går og sist natt er smelta vekk på vegane.Nils skal snart ut og sjå etter båten, og då kan det hende eg går ein tur.
I dag var det seniorkino for første gong her i Ørsta, og det var gratis. Mange pensjonistar hadde møtt fram og før filmframsyninga fekk vi kaffi og vaflar. I pensjonistlaget hadde vi stemt over kva film vi ville sjå, og valet fall på "Kongen av Bastøy". Eg var litt skeptisk til det valet. Ikkje alle visste kva dei gikk til, ikkje alle hadde lese det som stod i avisa heller. Eg snakka med ei eldre dame som var heilt vitskræmd, ho skulle "ut" og kose seg, og så vart det så forferdelig. Vi må nok ta omsyn til det i laget at ikkje alle pensjonistar er like tøfffe som t.d. eg. Og dei aller fleste er eldre. Etter kinoen var eg innom biblio, som er i samme huset.
Eg ser at det skyar over no, og vermeldingane er ikkje så gode.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

"Til lags åt alle...", men ein må vel gjere sine erfaringer.
Vi skal på "Evig ung" i kveld i lag med Audny og Hilde, lærer vel litt der også..
Eidabesta

solveig sa...

Dei må skjerpe seg og begynne å følgje med ;-)
Forstår at dei vart skuffa om det var kose seg dei ville, då men.

Besta sa...

No er det ikkje sikkert dette galdt så mange. Dei fleste visste vel nokonlunde kva dei gikk til. Eg skreiv litt om det i stykket mitt, og filmen har jo vore omtalt mykje i TV. Ein og annan gong kan vi ha ein kosefilm, eller mimrefilm, men eg vil heller følge med i filmane som er aktuelle. No i morgon er det premiere på Ænglagård 3. Den kunne eg tenkt meg å sjå.

solveig sa...

Eg og! Og Bastøy! Med meg vert det helst at eg ser dei heime, anten på DVD eller TV ...

Besta sa...

Ei heilt anna oppleving å sjå film på kino,ein kjem liksomm heilt inn i filmen slik teknikken er no.Eg syntest Bastøyfilmen var god.Men ein bør helst vite litt kva det går ut på før ein ser ...det gjeld alle slags filmar.(Kan ikkje tenkje meg å sitte og sjå Sound of Music i lag med gamlingane.)

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...