Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,kvar du kom ifrå
eller kvar du gjekk
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leve
i kvardagen og,
den grå, stille dagen,
setja potetor,raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fikentrei,
og let heltane slåst ved Troja.
Eg er glad i dette diktet av Olav H.Hauge (og mange andre av dikta hans). Det heiter Kvardag, men eg kallar det "pensjonistdiktet", sånn for meg sjølv. Eg brukte det t.d. i ein tale til rektoren vår då han slutta. I dag tek eg det med her på bloggen fordi eg endelig har kome så langt at eg aksepterer at eg er blitt "eldre" og skal på "Eldrefest" på Kulturhuset for første gong.Utan at eg føler meg så mykje eldre enn det eg har vore.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.Oktober
Klokka er no17.52, temperaturen ute er +10 graderC Det har vore ein grå og til dels våt dag i dag, men plutseleg såg eg sola på høgste fje...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Hauge har fleire fine kvardagsdikt som seier mykje om livet. "Mange års røynsle med pil og boge" og "Skeiserenn" er to av mine favorittar.
Og alles favoritt er vel: " Det er den draumen......"
"Mange års røynsle..."kjenner eg ikkje.
Hauge er berre skjønn! Gjera ein annan mann ei beine - er vel min favoritt, kanskje.
Flott at de går på pensjonistfestar, kvifor ikkje, eigentleg? Eg kjenner fleire på over 80 som ikkje vil gå på denslags.
Vakkert dikt, mykje vert sagt med få ord.
Legg inn en kommentar