onsdag, februar 09, 2011

Vermelding 9.februar - 2011

Klokka er 10.30. Det er sol både ute og inne, men litt disig, elles kunne eg ikkje tatt bilde rett mot sola.Temperaturen er minus 2 grader, så no er det slikt ver som eg likar. Dessverre egnar ikkje vegane seg for sparkstøtting. I dag skal vi i alle fall nedover og handle, i går vart det ikkje, då vart eg heilt sløv etter den tidlege middagen.Håper alle får nyte litt av godveret i dag!
Starevegen             -            Storebakken
Sparkføre i dag! Regn i morgon. Ingen vits i å leite fram sparken.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Dårleg med sparkeføre her også, det har skiftar mellom kaldt og mildt ver. Du må helse fiskaren at i dag hadde vi nydeleg gryte av seibitar i pastasaus classico, løk, purre og sopp til middag (tok det eg fann i kjøleskåpet), betre enn bacalao, seier kunstnaren.

Besta sa...

Kjekt å høyre. Eg har snakka frampå om å lage bacalao med vanlig sei. Bacalao smakar ikkje så mykje fisk i noko tilfelle. År og dag sidan eg laga bacalao no, blir ikkje til at vi kjøper steidyr klippfisk når vi har så mykje anna fisk. Takk for tipset. Sei og kylling kan varierast i det uendelige, plar eg seie.

solveig sa...

.... og oksekjøt ...

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...