fredag, februar 25, 2011

Vermelding 25.februar - 2011



Klokka er 13.00. Ute er det lettskya, opphaldsver og + 9 grader. Det er også litt vind innimellom, men vind er eigentlig mangelvare her på Vallabøen. Det er ein av grunnane til at vi får ha snøen så lenge.
Alt som heiter sparkeføre er ein saga blott, men det er framleis mykje is alle stader som ikkje har vore salta -for eksempel på parkeringsplassar og tun.Sidan bilen vår har vore ut or bygda, var han ekstra skitten, så Nils spyler den. I dag vart det tur til Vik, på biblio og Amfi. Det var lite med lydbøker akkurat no, men bibliotekaren gjorde klar ei heilt ny bok, så eg fekk den med heim, som første lånar. Fann ei krimbok også forresten.Og så tok eg med meg to gratis videofilmar.Dei gir dei bort no, for det er ikkje så mange som har VHS-spelarar.
På Amfi var ikkje mykje nytt, men vi trengde litt fornying av matlageret, så det blei ærendet der. Trefte to tidlegare kollegaer og fekk ein prat med dei. Den eine er far til hovudrolleinnhavaren i musikalen vi såg i går, så eg nytta høvet å skryte av sonen hans.
Heilt frå den gongen Solveig og Rasmus i sin grønaste ungdom spleisa på 4 Beatles-LP-ar, har eg vore fan. Den tida hadde eg ein fridag for veke då eg vaska og rydda huset til full musikk, så Beatlesmusikken kjenner eg ! Og Margrete blei med i dragsuget, så vi var i alle fall to generasjonar med Beatlestilhengerar på framsyninga i går. Ja, Ingeborg bedyra at ho også likte musikken, så då vart vi tre. Og det at musikken er like fengande etter 40 år og vel så det, seier vel sitt. Men det som var den største opplevinga var dei utrulig flinke ungdommane, som gav nytt innhald til og til dels ny form på dei gamle melodiane. Eg kjem aldri til å gløyme framføringa av Let it be- i gospelversjon- ved kista til soldaten frå Vietnam-krigen. Men det står mange flinke menneske bak også, som kanskje ikkje får SÅ mykje av æra.
Til middag i dag skal vi ha fisk i kvit saus, skal bli godt med skikkelig fiskemiddag igjen, det er nokre dagar sidan sist.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi har ete steikt sei og fiskebollar, så får alle noko dei liker. Nokre av oss liker begge delar.

Hildegard sa...

Ja, Beatles er i ei klasse for seg. Her var det uventa besøk av Stig i dag, har ikkje vore heime sidan juleferien. Kris kjem med bussen no i kveld, så då blir det vel syskjenbarn-treff denne helga. Sydenturistane kjem i løpet av søndagen. Elles har det vore mykje vind og regn her sidan i går kveld. God helg til dykk begge.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...