mandag, januar 24, 2011

Vermelding 24.januar 2011

Klokka er snart 14, temperaturen er + 2 grader ute og regnet held på å gå over til sludd.Det er skodde og nokså utrivelig ute. Det er framleis is over alt. Eg har brukt føremiddagen til å skrelle poteter, støvsuge, tørke støv, rydde etc.etc. Nils har vore til frisør og klipt seg.
I dag ventar vi Margrete og ungane til middag. Det blir enkel mat i dag; pølser og heimelaga potetstappe.Eg får legge til at pølsene også omfattar såkalla julepølser eller dampamòr. Vi må bruke av maten vi har i frysaren. Til dessert blir det is (innkjøpt til jul) og krumkaker.- Her i huset har julematen ein tendens til å vare til påske eller enda lenger.

3 kommentarer:

solveig sa...

Ein får berre håpe at det regnar lenge nok til at isen forsvinn. Her nærmar det seg.
Potetstappe lagar eg sjeldan. Det fekk eg lyst på. Kanskje det vert eit innlegg med mat på P 3 og 4!

Besta sa...

Margrete har problem med å skrelle poteter for tida, det har ikkje eg.Resten av stappearbeidet var det far din som fiksa.Sit og strevar med å greie meg utan mus.Ingeborg brukte laptoppen, og så lurer eg på om ho har kopla ut musa?

arieldog sa...

Potetstappe er godt! Særleg med ein "dæsj" ribbefeitt på (men kva er ikkje godt med ribbefeitt og bacon?). Takk for oss, og for godt vertskap. Måndagane kunne ha vore den verste dagen i veka, så det er spesielt hyggeleg å få kome på besøk då. Lukke til i morgon!

Dagbok 2024 : 20.november

Storebakken i dag Klokka er no 17.13, temperaturen ute er 0 grader og det har vore opplett i dag. Det har på mange måtar vore fint i dag, vi...